NYTTIG INFORMASJON KRING KJØP AV KYSTGEIT

For å kjøpe kystgeit så må ein ha godkjenning av Mattilsynet. Denne godkjenninga må vere i orden for at vi kan få solgt kystgeit til deg. Bur du innanfor småferegion 2 (Region 2: Vestland Fylke, unntatt kommunene Etne og Sveio.) er prosessen for å skaffe livdyr ifrå Stad Kystgeitlag enklare. Om du ynskjer å overføre dyr til ei anna sone, vert dette noko meir omfattande, men alt er mogleg.

Kjøper du kystgeit frå Stad Kystgeitlag får du dyr som er/har:

  • Rasegodkjent i Animalia

  • Kjem ifrå besetning med godkjent helsestatus

  • Helseattest frå veterinær på kvart einskild dyr

  • Velutvikla bukkering

  • Eit kontaktnettverk av bønder som kan bistå med hjelp og råd kring drift

NYTTIGE LENKER

Link til Mattilsynet kring kjøp av livdyr:

https://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/produksjonsdyr/sau_og_geit/skal_du_flytte_kjope_eller_selge_smaafe_sau_geit_vaer_bukk_lam_kje.31385

Lovdata: Forskrift om velferd for småfe (Kystgeit)

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2005-02-18-160

Krav om registrering av dyrehald:

https://www.altinn.no/skjemaoversikt/mattilsynet/nyttendre-dyrehold/

 

PRISAR PÅ LIVDYR

Vaksen geit over eitt år: 4500,- kr eks. mva

Kje (geit) under eitt år: 3500,- kr eks. mva

Avlsbukk (kje/vaksen): 5000,- kr eks. mva

Kastrat (kastrert bukk/bukkekje): 3500,- eks mva

 

KVEN SKAL EG KONTAKTE?

For kjøp av livdyr ifrå Stad Kystgeitlag kan du sende mail til : kystgeitlaget@gmail.com , eller sende mail via vårt kontaktskjema på “Kontakt oss” sida.