Foto: Lasse Fløde

Foto: Lasse Fløde

Kystgeita er ein unik og sjedan rase som ein nesten berre kan finne i Selje kommune. Her har siste rest av drifta og tradisjonane vorte tekne i vare til idag.

 

Om Kystgeita

Kystgeita er ei unik norsk geitestamme som har vore halden for kjøtproduksjon, isolert frå den vanlege mjølkegeita i Norge.Det er funne beskrivelsar av kystgeithold heilt tilbake til 1700 – tallet. I Selje kommune og på øyene Skorpa og Sandsøya sør i Møre og Romsdal finst i dag ein liten kystgeitpopulasjon. Her har geita tradisjonelt vore halden som kjøtprodusent i ei driftsform som er tilpassa det bratte landskapet og det barske klimaet ute i havgapet.

Kystgeitene som er att, er siste resten av ein spesiell norsk rase som tidlegare vore kalla kjøtgeit, villgeit eller utegangargeit. I dag er det ca. 600 kystgeiter i Selje. Dei lever i eit hardt kystklima og i eit bratt terreng, difor er geitene lette på foten og har sterke bein. 

  • Utbreiing: Selje i Sogn og Fjordane, og på lyane Skorpa og Sansøy i Møre og Romsdal

  • Vekt: 25 - 40 kg

  • Levealder: 10 - 15 år

  • Drektighetstid: 5 månader

  • Antall ungar: 1 - 2

  • Føde: lyng, busker, blader, gras, tang og skudd

Foto: Lasse Fløde

Foto: Lasse Fløde

 
 
Foto: Kjetil Friberg

Foto: Kjetil Friberg

Litt om dyra og flokken.

Kystgeitstammen reknast for å vere unik då dyra berre har vore haldne for kjøtproduksjon med lite innblanding av mjølkegeit. Dette til skilnad frå anna geit i Noreg. Kystgeitpopulasjonen har altså vore relativt isolert frå resten av geitepopulasjonen i Noreg. I tillegg til i Selje er det i dag forvilla kystgeit berre på øyane Skorpa og Sandsøy i Møre og Romsdal. På Skorpa og Sandsøy har det ikkje vore drift på dyra sidan 1940-talet. I 2001 vart det talt om lag 150 avlshodyr i kystgeitstammen, og kystgeita er difor truga i fylgje FAO sine definisjonar.

 

Utsjåande og særtrekk

Kystgeita liknar mykje på norsk mjølkegeit, men produserer mindre melk og har meir kjøtfylde. Geitene har gode og sterke bein og tett ull og ragg. Geiter og bukkar skal ha horn. Kystgeita har eit godt lynne og er lett å temje ved regelmessig kontakt med menneske. Moreigenskapar hos geita er gode, og familiar med to og tre generasjonar held ofte saman.

 
Foto: Kjetil Friberg

Foto: Kjetil Friberg

 
 
Foto: Camilla Monsen

Foto: Camilla Monsen

Situasjonen i dag

Kystgeit er definert som en nasjonal bevaringsverdig rase av Norsk genressurssenter og av Genressursutvalget for husdyr. Kystgeita er svært trua. Sjølv om antalet dyr har auka dei seinare åra er det fortsatt eit stort behov for å auke populasjonen og livdyrsalet. 

Mykje er gjort for å ta vare på både dyra i seg sjølve og på tradisjonane rundt kystgeitehaldet. Mange har både vore og er involverte i dette, ikkje minst Kystgeitlaget, med mellom anna dei få som enno held fram med kystgeithald i Selje. Genressursutvalet for husdyr og Norsk landbruksmuseum har også vore sterke aktørar. Det er til dømes lagra sæd frå fem kystgeitebukkar for å ivareta genmaterialet. 

 

Driftsform og kjøttprodukter

Driftsforma og matskikkane knytt til kystgeitholdet er kulturhistorisk unike med nasjonal bevaringsverdi. Kystgeitene går ute mesteparten av året. Dei vert tekne inn på seinvinteren for å få kjea sine inne. Dette for å verne dei nyfødte kjea frå rovdyr og fuglar, og for å halde dyra tamme. Dei fleste kje av hankjønn vert kastrerte. Ribbe til pinnekjøtt og spekelår fra 3-4 år gamle kastrater er det mest ettertrakta produktet frå kystgeitholdet. Tidllegare var geitehovud “skjeltehaud” også høgt verdsatt, og alt på geita vart utnytta. I dag er det fleire som lagar blodpølse, ellers er mykje av den gamle tradisjonskosten på veg ut. 

God etterspørsel etter tradisjonell mat frå kystgeit, og god respons på nyutvikla produkt burde kunne gje gode mogelegheiter for vidare hald og drift med kystgeiter.

Les mer om mattradisjoner her

Foto: Helge Borgund

Foto: Helge Borgund

Foto: Kjetil Friberg

Foto: Kjetil Friberg